Søknad

Informasjon om søkeprosessen

Bømlo kommune har ansvar for å tilby utleige- og omsorgsbustader til aktuelle brukargrupper, som av ulike grunnar har behov for slik bustad, og som fyller kommunen sine retningsgjevande kriteriar.

For å leige kommunal utleigebustad eller trygde- og omsorgsbustad, skal søknadsskjema sendast til Bømlo kommune. Søknadsskjema finn du nedafor.

 

Trygde og omsorgsbustad (søknadsskjema)

Kommunal utleigebustad (søknadsskjema)  

  

Bømlo kommune v/ tenestekontoret for helse- og omsorgstenester mottek søknaden, og gjer vedtak om kven som får rett til kommunal utlege- eller omsorgsbustad. Har du spørsmål som søknad? 
Ta kontakt med Tenestekontoret - tlf 53 42 34 70

 

BKE har all kontakt med leigetakar om leigeforholdet og følgjer opp alle praktiske og økonomiske forhold i tilknytning til dette:

 

 

NB! Kommunale bustadar har ikkje automatisk vaktmeistertenester inkludert. I sommarhalvåret må hagar/uteområde haldast ved like av bebuar (plen klippast/blomebed lukast) og om vinteren skal bebuar sjølv halde innkøyrsel frå offentleg veg fram til inngangsdør fri for snø. 

Utvendig vedlikehald på bygg er det BKE som har ansvar for. 

Merk! Det er forbode å røyke inne i kommunale utleigebustadar. Dyrehald er også forbode. 

Meir informasjon om søknadskjema,  søkekriterier og kontaktpersonar finn du på Bømlo kommune sine nettsider. 

 

Informasjon om kommunale bustader

Informasjon om trygde- og omsorgsbustadar 

Informasjon om bustad og bustøtte